pixiemotion ([info]pixiemotion) wrote,
@ 2009-03-02 09:26:00
Previous Entry  Add to memories!  Tell a Friend  Next Entry
Current mood: morgondistré
Entry tags:distré, kaffi, morgon

Ein typisk morgon

Eg subbar ut på badet, vil ta ein dusj, men det er tomt for dusjhandkle. Åja, dei er på kjøkkenet og heng til tørk. Tuslar1 ut på kjøkkenet.

No er eg på kjøkkenet. Det er morgon. Kva gjer eg her? Åja. Morgon. Kjøkken. Kaffi. Slik må det vere. Setje på kaffi. Posen er tom. Opne ny. Sånn. Fine surklinga frå maskinen. Nøgd.

Går no ut på badet igjen og inn i dusjen. Mmm. Varmt.

Doh!


1 Tusling krev ca. eit halvt fnugg meir medvit enn subbing.




Create an Account
Forgot your login or password?
Login w/ OpenID
English • Español • Deutsch • Русский…