| pixiemotion ( @ 2009-02-03 21:13:00 |
| Current mood: | |
| Current music: | Cornelis Vreeswijk - Saskia, sunget av Pugh Rogefeldt |
| Entry tags: | opera, skuggar, tirilensin, web |
Nokre skuggar
Eg har våre oppteke i det siste med å flikke på den nye[1] bloggen til vennen sin, nemleg http://skuggar.blogg.no/. På nynorsk, og greier. Anbefales[2].
<nerding> Eg har i prossessen oppdaga at Opera Dragonfly er eit heilt fantastisk lite verktøy for webutvikling; det er så lett å berre opne DOM-treet og t.d. legge til ein pixel i CSS-en her eller fjerne ei node der, eller debugge JS om du skulle ha bruk for det.
Før i tida (dvs. rundt år Web 1.0) kunne ein oftast sjå korleis ei anna sida var laga med «Vis kjeldekode». Med dei nye, samansette webteknologiane blei det vanskelegare å lese kjeldekoden til ei side som nokon andre hadde laga, sjølvsagt au pga. tjenersideskripting, men au sidan skriptinga fjerna nodar og la til i hytt og pine. Vel, «if you use DOM Scripting to alter the DOM [...] Opera Dragonfly allows you to inspect the updated DOM and all its properties.» Tracing for nettsider, rett og slett. Dette ser veldig lovande ut, og enno er det berre i ein alfaversjon.
</nerding>